Eg er på småbarnstreff i Uskedalen.
Sjølv om Indremisjonssamskipnaden har innmeldt nærare 80 barne- og ungdomslag, er det berre få av laga som har tilbod føremiddag til born under skulealder. Men i Uskedalen treff me eit av desse. Annan kvar onsdag møter ca 15 born saman med ein føresatt.
Mødre kjem køyrande både frå Valen og Enes for å få med seg treffet. I dag startar me med figurbaking. Ungane kjevlar ivrig sjølv ut deigen, og trykkjer ut dyr, hjarte og stjerner med kakeformer. Og deigen smakar heller ikkje så verst…
Så er det tid for samling på madrasser på golvet.
Nelly har funne fram ”sjøkassen”. Det er populært å fiska opp kvar sin fisk med song på. ”Så lagar vi ein song”, er ein av dei der me syng ein song til kvart barn som er tilstades. I andakten får me i dag dramatisert historia om då Elia får mat av ravnane. Gud har omsorg og held det han lova.
No luktar det godt!
Me samlast rundt bordet igjen. Det er tid for å eta figurbollane. Og det smakar kjempegodt! Min eigen pode er ekstra nøgd når han i tillegg får favorittdrikken; eplejuice. Vel mette i magen vert det tid for litt leik på golvet, og spennande er det å gøyma seg inni lakena oppå madrassene. Takk for no! Små og litt større born ruslar nøgd ut døra med frammøtekortet i handa, lomma eller veska til ho mor.