Kvifor skal me driva eit kristent barne- og ungdomsarbeid?
Foto: Egill J. Danielsen

 

Kvifor skal me driva eit kristent barne- og ungdomsarbeid?

Jo, fordi Gud ber oss om å gjera det (Matt 28,18-20), seier Kenneth. 90 % av dei som i vaksen alder vedkjenner si kristne tru grungjev det med det som skjedde i livet deira før dei var fylte 19 år.

 
Dette var eit av tema under BULK. BULK står for barne- og ungdomsleiarkonferanse, og vart arrangert for fjerde året på rad av Indremisjonssamskipnaden på Brandøy
 
Kenneth Foss hadde undervisninga, og det var satt av god tid til gruppesamtalar der medlemmene sat i saman etter kva bedehus/region dei høyrte til. 
 
Bøna si plass
Kenneth understreka kor viktig det er å be for arbeidet. Det er ofte ein samanheng mellom bøn og vekst, og det er mange løfter knytta til det å be (Matt. 7,7). – Har bøn ein sentral plass på styremøter, i møta, før og under møta, utfordra Kenneth. Praten i gruppene viste at dette var eit tema som engasjerte. På eit bedehus har dei starta med bøn kvar fredag kl 1800. Ein deltakar understrekar kor viktig det er med felles bøn i heimen. Ei anna fortel om at ho vart minna om å be for alle kontaktane ho har på mobilen. Også i lagssamanheng kan me lett tenkja at me skal klara alt sjølv. Ein leiar fortel at dei var motlause på grunn av mykje bråk i barneklubben. Dei bestemte seg for å ha dette som bønefokus fram til neste lagsmøte. – Då eg kom på barneklubben neste gong tenkte eg at i dag kan det ikkje vera mange folk her. Det er jo så roleg i møtesalen. Men så møtte eg ca 30 barn som sat fint på stolane sine i ein ring. Det var eit mektig bønesvar!
 
Forkynninga
Har forkynninga ein sentral plass på lagskvelden? Kva med tema? Det er viktig at ein forkynner den sentrale bodskapen om Jesus, samtidig som me også har breidde i forkynninga. Kenneth oppmoda oss om å setja opp tema for barne- og ungdomslagskveldane. Får dei unge høve til å stilla spørsmål ved trua si? Under PitStop på Sunnmøre hadde me som tema ”Grill en kristen” der deltakarane kunne få koma med spørsmål til to kristne leiarar, seier Kenneth vidare. Veldig populært og lærerikt. Me må våga å vera konkrete i vår tale til ungdommar, og ta opp tema og spørsmål dei er opptekne av.  
 
Leiarane
Ofte er det mangel på leiarar til å driva det lokale arbeidet. – Og eg blir veldig lei meg når eg høyrer om leirar som må avlysast på grunn av mangel på leiarar, seier Kenneth. Ikkje ver redd for å gi dei unge oppgåver. Det gir dei sjølvtillit, tilhøyring og identitet. – Det har vore med og bevart meg, seier Kenneth. – Samtidig trur eg at det er viktig å ha ein kombinasjon av unge og vaksne leiarar. Der det berre er unge leiarar, kan barne- og ungdomsarbeidet bli lagt ned dersom dei unge leiarane flyttar vekk. Ofte kan det vera enkelt å gjera ting sjølv, men me er mindre sårbare dersom me er fleire leiarar. Under samtalen vart det også poengtert kor viktig det er å ha både vaksne og unge leiarar. Dei unge leiarane kan herja med borna, har tid og kan vera eit viktig førebilete for dei unge, understreka ein leiar. – Utfordringa er korleis me kan gå frå (kun) eit bra ”ungdomsarbeid, til at det får ei viktig endring i livet til den unge.
 
Barne- og ungdomsarbeidets forhold til forsamlinga
Ofte kan dette arbeidet bli ein stat i staten. Dersom me ikkje klarar å føra barn og unge inn i forsamlinga når den tid kjem, har me ikkje fullt ut lukkast i arbeidet vårt. – Dette er fyrst og fremst dei vaksne sitt ansvar, seier Kenneth. Mange stader er det blitt populært med storsamlingar der alle aldersgrupper er engasjerte. Her er det viktig å ha med element som både barn, unge og vaksne kan kjenna seg igjen i. Ynskje om kontakt er der blant alle aldersgrupper. Utfordringa er å leggje til rette for det. 
 
Ver spenstige!
- Tenk nytt på kreative opplegg, seier Kenneth. Det er viktig å finna balansen mellom ånd og aktivitet. Det går an å ha så mykje aktivitet at det åndelege blir svakt. Men det går også an at det blir så åndeleg, at det menneskelege misser fokus. 
 
Du kan bety ein forskjell!
Kristne familiar og kristne barne- og ungdomsleiarar betyr mest for barn og unge i forhold til kristen vedkjenning. Det er veldig viktig at dei som kjem frå ikkje kristne heimar får møta Jesus på bedehuset. – Når eg ser tilbake på mitt liv, ser eg for meg fleire ungdomsleiarar som har hatt mykje å seia for mi kristne tru, seier Kenneth. Om du ser tilbake, dukkar det kanskje opp personar også i ditt liv, det vere seg mor, far, ein kristen leiar eller ven som har hatt mykje å seia for di kristne vedkjenning. Slik kan også du bety ein viktig forkjell i andre sitt liv, oppmuntrar Kenneth.
 
 
Deltakarar i samtale om barne- og ungdomsarbeidet

 

Legg igjen en kommentar:
http://
(Kommentarene godkjennes av nettansvarlige før de publiseres)
 
Ingen kommentarer
 
Indremisjonsforbundet, Søre Bildøy, 5353 Straume | Tlf.: 56 31 42 40 | Faks: 56 31 42 41 | E-post: imf@imf.no AESTON